Frist for påmelding - 7. sep. 2022
Pris: kr 1 750
Øyvind Lundbakk, leiar i Ryfylke IKS
Den 6. MOR-konferansen
Arrangør
Rogaland fylkeskommune og dei vidaregåande skulane i Sauda og Strand og Ryfylke IKS, i samarbeid med Næringsforeningen i Stavanger-regionen, NAV Rogaland og Utdanningsforbundet.
Ryfylke er storeksportør av naturressursar og står overfor kompetansepolitiske utfordringar i tida som ligg føre. Regionen har vore ein sterk verdiskapar, men andre regionar har i for stort mon kapra desse verdiane.
Derfor må det til eit sterkare fokus på kompetansepolitikk med ei tilnærming som er annleis enn tilfelle er i bynære strok.
Målet er å verdiskapa, men òg involvera og realisera meir (verdikapra) av dei store ressursane regionen sit på. Ryfylke-regionen har høg uformell kompetanse, men er svakare på formell kompetanse.
Kompetanseutvikling og verdiskaping
– me må gjera det saman
Frist for påmelding - 7. sep. 2022
Desse vil du møte:
Jakob Torfing
professor ved Institut for Samfundsvidenskab og
Erhverv, Universitet i Roskilde
Asbjørn Birkeland
rådsordførar i Ryfylkerådet
Harald Minge
administrerande direktør i Næringsforeningen i Stavanger-
regionen
Nina Grieg
regiondirektør i Grieg Seafood Rogaland
Christian Herheim
seniorrådgjevar i Proactima
Anders Øverby
studieleiar høgskolesenteret i Kongsvinger
Torfinn Opheim
styreleiar vasskraftkommunane (LVK)
Ingrid Fiskaa
stortingsrepresentant for Rogaland SV
Tina Bru
nestleiar i Høgre og tidlegare olje- og energiministar
John E. Stangeland
konsernsjef i NorSea (Windworks Jelsa)
Maria Klungtveit
frilans-journalist
Liva Thiis
odding og
masterstudent
Solveig Ege Tengesdal
leiar i opplæringsutvalet i Rogaland
Anders Lødemel
nordfjordpionér i Nordfjordakademiet
Alfred Bjørlo
stortingsrepresentant (V) og tidlegare ordførar i
Stad kommune.
Håvard Handeland
nestleiar i ungdommens fylkesråd
Arin Eirikssønn,
leiar av ungdomsrådet i Suldal
Geir Kåre Resaland
prorektor for regional
utvikling ved Høgskulen på Vestlandet
Merethe Prytz Haftorsen
direktør NAV
Rogaland
Gunn Reidun
Tednes-Aaserø
leiar for
Utdanningsforbundet i Rogaland
Anne Holm-Nordhagen
høgskulelektor Institutt for kultur, religion og samfunnsfag ved Universitetet i
Sørøst-Norge
Truls Nordahl
seniorrådgjevar NAV Rogland
Gudrun Ellingsen
rådgjevar ved Dalane Utdanningssenter
Kjell Apeland
næringsdrivande og medlem i
Næringsforeninga i Stavangerregionen, Ryfylkeavd.
Hilde Strømme
dagleg leiar Lister kompetanse
Svein Erik Tuastad
førsteamanuensis ved det samfunnsvitenskapelige fakultet,
Institutt for sosialfag ved UIS
Arne Kleppa
tidlegare dagleg leiar i
Ryfylke IKS
Anne Bratthammer
student ved NMBU på Ås
Olav Lindseth
leiar i Næringsforeningen i Suldal og hotelleigar
Omlag 20 % av dei som bur i Ryfylke har utdanning utover vidaregåande skule (i Oslo-området vel 50%)
Opp mot 30 prosent i Ryfylke har berre fullført grunnskule
22. - 23. september 2022
Program
Konferanseleiar: Wictor Juul, rådmann i Hjelmeland kommune
Torsdag 22. september
1. økt
09:00
Registrering, kaffi/te og noko å bite i
09:30
Velkommen til Ryfylke
Asbjørn Birkeland, rådsleiar i Ryfylkerådet
Solveig Ege Tengesdal, leiar i opplæringsutvalet i Rogaland
09:45
Alle snakkar om Ryfylke, men skaper regionen noko?
Arne Kleppa, tidlegare dagleg leiar i Ryfylke IKS
10:00
Kva for kompetanse treng Ryfylke i 2030 for få
meir ut av naturressursane sine?
Er samskaping oppskrift på styringa av det grøne skiftet?
JacobTorfing, professor ved Institut for Samfundsvidenskab og
Erhverv, Universitet i Roskilde
Kan distrikta få del i «eit grønt lykkeland»?
Harald Minge, administrerande direktør i Næringsforeningen i Stavanger-regionen
Kunnskapsdeling og klyngetenking gir ringar i den blå åker.
Nina Grieg, regiondirektør i Grieg Seafood Rogaland
11:30 - Beinstrekk og kaffi/te/frukt
11:50
Kva gjer offentleg sektor når næringslivet endrar seg?
Kva er det som driv samfunnsutviklarrolla? Er det ein risiko at næringslivet og EU tar rolla frå kommunen?
Christian Herheim, seniorrådgjevar i Proactima
Utdanning og forsking to sider av same sak når regionen skal definera samfunnsutviklarrolla.
Anders Øverby, studieleiar høgskolesenteret i Kongsvinger
12:25
Debatt - Koss får lokalsamfunna meir ut av eigne naturressursar?
- Torfinn Opheim, styreleiar vasskraftkommunane (LVK)
- Ingrid Fiskaa, stortingsrepresentant for Rogaland SV
- Tina Bru, nestleiar i Høgre og tidlegare olje- og energiministar
- John E. Stangeland, konsernsjef i NorSea (Windworks Jelsa)
- Olav Lindseth, leiar i Næringforeningen i Suldal og hotelleigar
13:15
Lunsj
Strand videregående skole, Tau
2. økt
14:00
Koss sikrar me at arbeidslivet får rett kompetanse?
- Koss er det å bu og utdanna seg i Ryfylke i dag og i 2030?
Eit kritisk blikk på to forskingsprosjekt med fokus på unge i
Ryfylke,
ved Maria Klungtveit, frilans-journalist
- Begeistring og reell medverking - og dei unge vil vera med
å skape ei framtid «heilt heime»,
ved Liva Thiis, Odding og masterstudent
- Jakta på Superkreftene – ei oppskrift frå Nordfjord.
Anders Lødemel, Nordfjordpionér i Nordfjordakademiet og Alfred Bjørlo, stortingsrepresentant (V) og tidlegare ordførar i
Stad kommune.
15:30
Beinstrekk
og kaffe/te/frukt
16:00
Samtale med fire unge ryfylkingar
- Håvard Handeland, nestleiar i ungdommens fylkesråd
- Arin Eirikssønn, leiar av ungdomsrådet i Suldal
- Anne Bratthammer, student frå Strand ved NMBU på Ås
- Ingvild Erøy, ung grundersom bur i Erfjord
Debattleiar Helene Barkved
17:00
Omvising på havbrukssenteret ved Strand vgs
18:00
Festmiddag
(låven Mølleparken) med kulturprogram og
utdeling av MOR-prisen – Vilje til læring.
Og så låner me Dalane sin helt «Tønes», som vil halde ein
konsert for oss under middagen.
I samarbeid med kommunane i Ryfylke, og helsedirektoratet har to unge Ryfylkingar Ingvild Erøy (t.v.) og Hege Fiskå gjennom selskapet Kakadu Ignite AS set på dagsorden den utfordring mange eldre har i møte med den digitale tid.
Rosjektet dei har arbeidd med er å fonne ei løysing for å kvalitetssikra digital opplæring av eldre innbyggjarar med låg digital kompetanse. 600 000 lever i dag i eit digitalt utanforskap. Majoritet av desse er over seksti år, men det gjeld også innvandrarar og dei utanfor arbeidslivet. Konsekvensen er at dei ikkje klarar å bruka kvardagsteknologi som nettbank, kommunisera med det offentlege eller nytta seg av digitale helsetenester.
Under middagen vil dei halda ei orientering om arbeidet Ryfylke IKS har vore prosjektleiar for.
Pris
MOR-prisen
Blir delt ut under festmiddagen. Her heidrar Ryfylke den eller dei som har vist engasjement for læring og kompetanseheving ved markert innsats over tid. I 2021 fekk NAV Strand prisen.
Tønes
Frank Tønnesen frå Sokndal, mest kjent som Tønes kom med sitt første album, «Rett te håves» i 1996 og har seinare gitt ut ni album og fem EP-ar. I tekstane brukar han sin eigen dialekt frå Sokndal. For albumet «Sån av Salve» (2012) fekk han Prøysenprisen. Spelemansprisen har han motteke for fleire av sine arbeid, i 2012, 2015 og 2021.
I 2013 fekk han dialektprisen og 2016 Rogaland Mållag sin målpris.
I tillegg til musikkarriere har har arbeidd ved Titania i 20 år, der han slutta i 2015.
Fredag 23. september
2. økt
09:00
Å utdanna ryfylkingar i eit livslangt perspektiv – koss gjer me det saman?
Utdanningssenter – kan det bli den nye koordinatoren for livslang
læring i distrikta?
Geir Kåre Resaland, prorektor for regional utvikling ved Høgskulen på Vestlandet
Mismatch i arbeidslivet. Koss er situasjonen for Ryfylke og koss
møter me utfordringa?
Merethe Prytz Haftorsen, direktør NAV Rogaland
Koss bør dei regionale kompetansesentra (Sauda og Strand vgs)
møta utfordringane distrikta står over for og føringane i den nye
fullføringsreforma?
Gunn Reidun Tednes-Aaserø, leiar for Utdanningsforbundet i Rogaland
10:40
Beinstrekk
11:00
Karriererettleiing som heile skulen si oppgåve - fag og framtid på same arena.
ved Anne Holm-Nordhagen, høgskulelektor Institutt for kultur, religion og samfunnsfag ved Universitetet i Sørøst-Norge
12:00
Debatt
- Truls Nordahl, seniorrådgjevar NAV Rogland
- Gudrun Ellingsen, rådgjevar ved Dalane Utdanningssenter
- Kjell Apeland, næringsdrivande og medlem i Næringsforeningen i Stavangerregionen, Ryfylke avd.
- Hilde Strømme, dagleg leiar Lister kompetanse
Debattleiar Einar Schibevaag
Har du spørsmål?
Ta kontakt
Einar Schibevaag
Tlf: 91 30 89 72
Reidun Sandvik
Tlf: 95 17 10 44